Send oss en forespørsel

Er du vår nye saksbehandlar?

Me ynskjer å styrka administrasjonen og søkjer etter saksbehandlar.

Vil du vera med på vår spennande utvikling?
Me er ei bedrift i vekst, med stadig nye mål for utvikling og kompetanseheving.

Me ser etter deg som er strukturert, flink, omgjengeleg og som likar å jobba sjølvstendig.
Du vil få fleksibel arbeidstid, med stor friheit til å utforma eigen arbeidskvardag i eit ungt og kreativt arbeidsmiljø.

 

Typiske arbeidsoppgåver…

  • Kundebehandling og sal
  • Utarbeiding av tilbod
  • Elektronisk teikning
  • Kvalitetssikring av dokumentasjon og utarbeiding av
    dokumentasjon på større prosjekt.
  • Prosjektoppfølgjing
  • Fagleg støtte til elektrikarane

Arbeidsoppgåvene vert tilpassa til det beste for den tilsette
og bedrifta.

 

Ynskjelege kvalifikasjoner og erfaring…

  • Teknisk fagskule
  • Fagbrev som elektrikar
    Det er ynskjeleg med nokon års praksis i faget som elektrikar.
  • Oppdatert på aktuelle normer og forskrifter
  • Stødig handtering av data og dataprogram

 

Personlege eigenskaper….

  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du er påliteleg og ansvarsbevisst
  • Du samarbeidar godt og er ein lagspelar
  • Du er sjølvstendig og jobbar strukturert og systematisk
  • Du har god arbeidskapasitet, likar å ta i eit tak og er fleksibel i forhald til arbeidstid

 

Me tilbyr..

  • Ein trygg arbeidsplass og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og innovativt miljø
  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikringsordningar
  • Kursing og etterutdanning ved behov for våre tilsette
  • Kontorplass på Hafslo

 

Litt om oss…

Josvanger Elektro har i dag 16 tilsette, og har kontor på Galdetoppen på Hafslo.
Elektrikarane våre er spreidd ut over heile Indre Sogn (Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Lærdal, Årdal og Aurland).
Våre elektrikarar har eigne firmabilar, med ansvar for sin eigen arbeidskvardag.
Dei utfører planlegging, bestilling, tilbod og dokumentasjonsarbeid på
servicearbeid. Din rolle vil vera å gje fagleg støtte og tilrettelegge for flyt i arbeidskvardagen til elektrikarane.

Tenestene me yter, skal ha best mogleg kvalitet.
Dette gjeld både produkta, planlegging, utføring og kundekontakt.
Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte.

Me har mange spennande oppdrag ut over “normalt” elektrikararbeid, som for eksempel;
– AV-anlegg
– Solcelleanlegg
– Batterianlegg
– Adgangskontroll inkludert lås&beslag
– Visualisering av rom i 3D med lysberekning
– Anna svakstraumsarbeid som brannalarmanlegg, kameraovervåking, innbrotsalarmanlegg og fiber

 

I ein kvardag der ikkje alle møtast kvar dag har me fokus på felles møter og sosiale tilstellingar.
Me møtes kvar 14.dag til morgonmøte eller kveldsmøte. På kveldsmøta våre har me felles middag og
fokus på faglege diskusjonar og kompetanseheving.

Ein til to ganger i året reiser me på tur heile gjengen.
I haust gjekk turen til Elproffen messe i Kristiansand frå torsdag til søndag.
Ellers har me og sosialkveldar utanom firmaregi.

Me er ein samansveisa gjeng, som har det kjekt i lag.

Tykkjer du dette verka spennande?
Send oss ein søknad!
Ta gjerne kontakt for ein prat!

Søknadane blir behandla fortløpande.

 

Kontaktpersonar: