Er dine el-anlegg trygge og sikre for deg, din familie og dine dyr? Har du kontroll på krava som ligg i kvalitetssystemet i landbruktet (KSL) ? Me hjelper deg gjerne til å finne løysingar som dekker dine behov.

TA KONTAKT FOR KONTROLL

TA KONTAKT FOR KONTROLL

El-kontroll

  • landbruk
  • næring
  • bustad

Ottar Tuften
ottar@josvanger.no

Telefon : 480 83 704

Feil i den elektriske installasjonen og feil bruk av elektrisk utstyr fører til mange brannar i landbruket, Heile 7 av 10 brannar har el-relatert årsak, i følge statistikk fra Landbrukets brannvernkomité.

Elektriske installasjonar og ikkje minst elektrisk utstyr er i landbruket utsett for store påkjenningar i form av gassar, fukt, støv, vibrasjonar og mekaniske belastningar. Alt elektrisk utstyr som skal nyttast på slike stader skal vere godkjende for dette og vere tilpassa miljøet det skal brukast i.

Me er sertifisert til å utføre el-kontroll for næring og landbruk i henhold til NEK 405-3 og er i tillegg sertifisert i henhold til NEK 405-2 til å føreta elektrotermografi. Dette er fotografering med varmesøkande kamera som kan avdekke ellers skjulte feil ved det elektriske anlegget.