Komfyren er den største brannkjelda i huset ditt. Med ei komfyrvakt slår komfyren seg automatisk av når farlege sitasjonar oppstår.

I elektriske anlegg som er nye etter 2010 er det krav til komfyrvakt. Det betyr at det skal vere installert som ein del av faste elektriske anlegget.

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumavbryter, som enten er plassert bak komfyren eller i sikringsskåpet. Sensoren overvakar kokeplatene. Hvis sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gir sensoren beskjed til ein bryter om å kutte straumen til komfyren.

Det er krav til komfyrvakta at den skal oppfylle standarden i NEK EN50615. Når du installerer komfyrvakt gjennom oss kan du vere trygg på at komfyrvakta som blir montert er etter gjeldande standard.

Ta kontakt med oss idag for tilbod på montering av komfyrvakt.