Dersom de skal bygge nytt hus eller rehabilitere eksisterande hus står de framfor fleire viktige val. Våre elektrikarar har god erfaring og kan gjerne bistå i planleggingsprosessen. Det er fleire ting de bør ha vurdert før gjennomgang av installasjonen.
De bør stille dykk fylgjande spørsmål:
- Kva slags grunnoppvarming skal bustaden ha ? (varmekablar, panelovnar, vedovn, vannvarme, varmepumpe)
- Kva slags form for varmestyring bør me ha?
- Korleis ynskjer me å belyse dei ulike romma? (innfelte spottar, vegglampar, opplys, stålampar, straumskinner)
- Kva rom ynskjer de lysdemping?
- Kvar bør me plassere utvendig belysning (innebygde spottar, vegglampar, stolpar, nedgravde lampar)
- Skal utelyset gå av og på automatisk? Bør utelyset vere utkobla deler av natta?
- Kvar er det mest sannsynleg at TV-en kan bli plassert? Og kor mange antenneuttak treng me?
- Kvar skal me få TV-signala fra? (eigen antenne, kabel-TV, fiber eller parabol)
- Blir det internett-tilkobling via teleuttak, ADSL eller fiber?
- Kor omfattende brannvarsling ynskjer me? (detektor i alle rom, oppkobling til brannvesenet)
- Skal me sikre oss med ein innbrotsalarm?
- Skal me ha vanlege kvite brytarar, stikkontaktar o.l. i alle rom? Eller skal me ha nokon i andre fargar og design?
- Treng me ladekontakt for elbil i garasjen?

Håpar desse tipsa kan hjelpe dykk med å få ein el-installasjon som er tilpassa dykker ynskjer og behov i dag og i framtida. Ta gjerne kontakt med oss i prosessen for gode råd. Sjå gjerne innom sida med oversikt over våre leverandørar for å få inspirasjon.