Som forbrukar har du 5-års reklamasjonsrett på alt materiell som er kjøpt og installert gjennom oss.

Me installarer dessverre ikkje kundeskaffa materiell. Det er me som er ansvarleg for at installasjonen som vert utført og materiellet som er nytta er i tråd med regelverk og forskrifter. Då ynskjer me å nytta eigenskaffa materiell for å sikre oss at kvaliteten på produkta er slik som me ynskjer. Då er og du som kunde trygg på at produkta som blir levert er av god kvalitet og lovlege å installere.

Unntak for kundeskaffa materiell er utanpåliggande lampar som er CE-merka. Typisk lampar som er kjøpt hjå møbelbutikkar eller andre interiørbutikkar.