Til hovedinnhold
Josvanger Elektro AS

Er du vår nye service- og/eller prosjektelektrikar?

Me ser etter deg som er flink, omgjengeleg og som likar å jobba sjølvstendig. Du vil få fleksibel arbeidstid, med stor friheit til å utforma eigen arbeidskvardag i eit ungt og kreativt arbeidsmiljø.

Vil du vera med på vår spennande utvikling?

Me er ei bedrift i vekst, med stadig nye mål for utvikling og kompetanseheving.

Sendt oss ein søknad

Dine arbeidsoppgåver...

  • Varierte arbeidsoppgåver innan servicearbeid
    og mindre prosjekt

  • Oppfølgjing av eksisterande og nye kundar

  • Planlegging og sal

  • Utarbeiding av tilbod i eit tilpassa omfang

  • Dokumentasjonsarbeid

Ønska kvalifikasjoner...

  • Fagbrev som elektrikar gruppe L

  • Førarkort bil

  • Beherska norsk skriftleg og muntleg

Som tilsett av oss er du...

  • Stolt over yrket

  • Serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Påliteleg og ansvarsbevisst

  • Samarbeidar godt og er ein lagspelar

  • Sjølvstendig og jobbar strukturert og systematisk

Me tilbyr..

  • Ein trygg arbeidsplass og eit inkluderande arbeidsmiljø

  • God opplæring og gode utviklingsmogelegheiter

  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikringsordningar

  • Firmabil med god innredning og mykje verktøy

  • PC, telefon og anna elektronisk nødvendig hjelpemiddel

Litt om oss..

Josvanger Elektro har i dag 16 tilsette, og har kontor på Galdetoppen på Hafslo. Elektrikarane våre er spreidd ut over heile Indre Sogn (Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Lærdal, Årdal og Aurland). Våre elektrikarar har eigne firmabilar og har ansvar for sin eigen arbeidskvardag. Dei utfører planlegging, bestilling, tilbod og dokumentasjonsarbeid på servicearbeid.

Tenestene me yter, skal ha best mogleg kvalitet. Dette gjeld både produkta, planlegging, utføring og kundekontakt. Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte.

Les meir om oss

Me har mange spennande oppdrag ut over “normalt” elektrikararbeid, som for eksempel:

  • AV-anlegg

  • Solcelleanlegg

  • Batterianlegg

  • Jordingsanlegg på kraftanlegg

  • Adgangskontroll inkludert lås og beslag

  • Visualisering av rom i 3D med lysberekning

  • Anna svakstraumsarbeid som brannalarmanlegg, kameraovervåking, innbrotsalarmanlegg og fiber

I ein kvardag der ikkje alle møtast kvar dag har me fokus på felles møter og sosiale tilstellingar. Me møtes kvar 14.dag til morgonmøte eller kveldsmøte. På kveldsmøta våre har me felles middag og fokus på faglege diskusjonar og kompetanseheving.

Ein til to ganger i året reiser me på tur heile gjengen.
I haust gjekk turen til Elproffen messe i Kristiansand frå torsdag til søndag.
Ellers har me og sosialkveldar utanom firmaregi.

Me er ein samansveisa gjeng, som har det kjekt i lag.

Tykkjer du dette høyres spennande ut?
Send oss ein søknad!
Ta gjerne kontakt for ein prat!

Søknadane blir behandla fortløpande.

Frank Neset er service- og prosjektleiar i Josvanger Elektro AS

Dagleg leiar og prosjektleiar

Frank Neset

Tlf: 48083722frank@josvanger.no

KONTOR

Ta gjerne kontakt med kontoret så henviser me deg til rett person

Tlf: 48083700post@josvanger.no