Til hovedinnhold
Josvanger Elektro AS

Om oss

Josvanger Elektro er ein elektroentreprenør som blei etablert i 1991 med arbeidsområde i heile Indre Sogn. Me tilbyr eit breidde av tenester til private, bedrifter og landbruk.

Kven er me?

Josvanger Elektro er ein elektroentreprenør med 16 tilsette. Johannes Josvanger skipa selskapet i 1991 og er dagleg leiar og fagleg ansvarleg i selskapet. Me har over mange år hatt fokus på kompetanse, kvalitet og sjølvstendigheit blant våre elektrikarar - og me er godt rusta til å hjelpa deg med ditt elektriske anlegg.

Våre tenester

Me utfører dei fleste tenester innafor elektro og svakstraum, og tilbyr tenestene våre til private, bedrifter og landbruk. Tenestene som me yter, skal ha best mogleg kvalitet. Dette gjeld produkta våre, planlegging, utføring og kundekontakt. Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte. Du som kunde er den viktigaste for oss, difor er opplæring viktig slik at me kan yta best mogleg service.

Direkte kontakt med elektrikaren

Me trur på at dei beste løysingane blir tenkt ut på arbeidsplassen - ute hjå deg. Våre elektrikarar handtera det meste av kundekontakt sjølve på serviceoppdrag og enkelte mindre prosjekt. På den måten får du snakka direkte med den som skal utføre jobben, og det blir ingen mellomledd og dermed mindre sjansar for misforståelsar.

Kvar finn du oss?

Me har kontor og lager på Hafslo, i tillegg til mange varemottak rundt om i Indre Sogn.
Elektrikarane våre møter direkte til deg - og du finn dei i Luster, Sogndal, Lærdal, Årdal og Aurland.