Er du vår nye kontormedarbeidar?
Me ser etter deg som er flink, omgjengeleg og som likar å jobba sjølvstendig. Du vil få fleksibel arbeidstid, med stor friheit til å utforma eigen arbeidskvardag i eit ungt og kreativt arbeidsmiljø.

Vil du vera med på vår spennande utvikling?
Me er ei bedrift i vekst, med stadig nye mål for utvikling og kompetanseheving. Kontormedarbeidaren hjå oss har ein viktig rolle i møte med kundane våre og ikkje minst den daglege oppfølgjinga mot elektrikarane.
Send oss ein søknadTypiske arbeidsoppgåver kan vera:
Kundebehandling per telefon og e-post
Ordrebehandling
Fakturering
Godkjenning av inngåande faktura og handtering av løn
Innkjøp av kontorrekvisita og anna nødvendig rekvisita til kontorlokala våre
Sosiale medier og andre markedsstunt
Tilrettelegging av kurs og møter

Dine eigenskapar og kvalifikasjonar:
Omgjengeleg
Effektiv i arbeidet ditt
Sjølvstendig og påliteleg
Serviceinnstilt mot kundar og kollegaer
Tillitsfull og ivrig
God på bruk av dataprogram
Me har ingen formelle krav til utdanning, men det er ein fordel med relevant erfaring ut i frå beskreven arbeidsoppgåver.

Me tilbyr deg..
Eit godt arbeidsmiljø
Opplærings- og utviklingsmogelegheiter
God løn
80-100% fast stilling
Kontor på Hafslo
Litt om oss..
Josvanger Elektro har i dag 16 tilsette, og har kontor på Galdetoppen på Hafslo. Elektrikarane våre er spreidd ut over heile Indre Sogn (Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Lærdal, Årdal og Aurland). Våre elektrikarar har eigne firmabilar og har ansvar for sin eigen arbeidskvardag. Dei utfører planlegging, bestilling, tilbod og dokumentasjonsarbeid på servicearbeid.
Tenestene me yter, skal ha best mogleg kvalitet. Dette gjeld både produkta, planlegging, utføring og kundekontakt. Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte.
Les meir om ossI ein kvardag der ikkje alle møtast kvar dag har me fokus på felles møter og sosiale tilstellingar. Me møtes kvar 14.dag til morgonmøte eller kveldsmøte. På kveldsmøta våre har me felles middag og fokus på faglege diskusjonar og kompetanseheving.

Ein til to ganger i året reiser me på tur heile gjengen.
I haust gjekk turen til Elproffen messe i Kristiansand frå torsdag til søndag.
Ellers har me og sosialkveldar utanom firmaregi.
Me er ein samansveisa gjeng, som har det kjekt i lag.
Tykkjer du dette høyres spennande ut?
Send oss ein søknad!
Ta gjerne kontakt for ein prat!
Søknadane blir behandla fortløpande.


KONTOR
Ta gjerne kontakt med kontoret så henviser me deg til rett person