Til hovedinnhold

Er du vår nye prosjektleiar?

Me ser etter deg som er pliktoppfylkgjande, omgjengeleg, lærevillig, fagleg interessert og som likar å byggja andre gode. Du vil få fleksibel arbeidstid, med stor friheit til å utforma eigen arbeidskvardag i eit ungt og kreativt arbeidsmiljø.

Vil du vera med på vår spennande utvikling?

Me er ei bedrift i vekst, med stadig nye mål for utvikling og kompetanseheving. Me kan lova svært variert arbeid og utvikling bygd rundt den enkelte.

Send oss ein søknad

Dine arbeidsoppgåver...

  • Kundekontakt og salg

  • Anbodsrekning

  • Installasjonsteikning

  • Kvalitetssikring

  • Oppfølgjing av eigne prosjekt

  • Oppfølgjing og bistand til elektrikarane

  • Prosjektering av anlegg

  • Dokumentasjonsarbeid

Ønska kvalifikasjoner...

  • Fagbrev og relevant praktisk erfaring frå faget

  • Ytterligere kompetanse som fagskole eller ingeniør er et ekstra pluss

  • Førarkort bil

  • Beherska norsk skriftleg og muntleg

Eigenskapar me tenker er bra å ha i denne stillinga..

  • Du liker å finne løysningar og å skapa gode kundeopplevelsar.

  • Du er god på relasjonar både med medarbeidere og kundar

  • Du tek ansvar og har god økonomisk forståelse

  • Du motiveres av å skapa resultat og er god til å motivera andre

  • Stolt over yrket

  • Serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Påliteleg og ansvarsbevisst

  • Samarbeidar godt og er ein lagspelar

  • Sjølvstendig og jobbar strukturert og systematisk

Me tilbyr..

  • Ein trygg arbeidsplass og eit inkluderande arbeidsmiljø

  • God opplæring og gode utviklingsmogelegheiter

  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikringsordningar

  • Firmabil

  • PC, telefon og anna elektronisk nødvendig hjelpemiddel

  • Kontor på Hafslo i nyoppussa lokale i flotte omgivelsar

Litt om oss..

Josvanger Elektro har i dag 16 tilsette, og har kontor på Galdetoppen på Hafslo. Elektrikarane våre er spreidd ut over heile Indre Sogn (Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Lærdal, Årdal og Aurland). Våre elektrikarar har eigne firmabilar og har ansvar for sin eigen arbeidskvardag. Dei utfører planlegging, bestilling, tilbod og dokumentasjonsarbeid på servicearbeid.

Tenestene me yter, skal ha best mogleg kvalitet. Dette gjeld både produkta, planlegging, utføring og kundekontakt. Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte.

Les meir om oss

Me har mange spennande oppdrag som for eksempel:

  • AV-anlegg

  • Solcelleanlegg

  • Batterianlegg

  • Jordingsanlegg på kraftanlegg

  • Adgangskontroll inkludert lås og beslag

  • Visualisering av rom i 3D med lysberekning

  • Anna svakstraumsarbeid som brannalarmanlegg, kameraovervåking, innbrotsalarmanlegg og fiber

I ein kvardag der ikkje alle møtast kvar dag har me fokus på felles møter og sosiale tilstellingar. Me møtes kvar 14.dag til morgonmøte eller kveldsmøte. På kveldsmøta våre har me felles middag og fokus på faglege diskusjonar og kompetanseheving.

Ein til to ganger i året reiser me på tur heile gjengen. I vår gjekk turen til Korssundet frå fredag til søndag med fjelltur, havet, ribb-båt, quiz, mat, konkurranse og latter er beskrivande ord for turen. Ellers har me og sosialkveldar som er arrangerte utanom firmaregi. Me er ein samansveisa og livleg gjeng, som har det kjekt i lag.

Tykkjer du dette høyres spennande ut?

Det er like viktig for oss at me er rett for deg, som at du er rett for oss. Nøl ikkje med å ta kontakt med oss for ein heilt uforpliktande prat. Eller berre send oss ein søknad - heilt opp til deg. Søknadane blir behandla fortløpande og du høyrer frå oss uansett.

Send oss ein søknad

Dagleg leiar og prosjektleiar

Frank Neset

Tlf: 48083722frank@josvanger.no

KONTOR

Ta gjerne kontakt med kontoret så henviser me deg til rett person

Tlf: 48083700post@josvanger.no