Til hovedinnhold

Historien vår

Josvanger Elektro vart skipa av Johannes Josvanger i juni 1991. Firmaet starta som eit enkeltpersonføretak, og har i dag 16 tilsette.

Starten...

Då Johannes skipa firmaet i 1991, som eit enkeltpersonføretak, var føremålet at han skulle driva som landbrukselektrikar. Johannes treivst ute i felten og hadde ingen planar om å vera meir enn ein person i firmaet. Dei to første åra hadde Johannes lager og kontor i huset sitt på Kjørnes i Sogndal. I 1993 flytta Johannes firmaet frå Sogndal og heimatt til småbruket som han var oppvaksen på, Fjellheim på Indre Hafslo. Der var kontoret i kjellaren og lageret i fjøsen. Etter eit par år åleine vart planane endra og han tilsette sin første lærling. Dette gav meirsmak. Arbeidsmarknaden vart utvida, og ein lærling skulle bli til fleire tilsette. I 1995 vart aksjeselskapet, slik me kjenner det i dag, skipa. Dette har vore arbeidsplassen til mange, og i dag tel firmaet 16 tilsette.

Lambhaug og Sogndal

Etter nokre år med lager heime, kjøpte Josvanger Elektro "gamle Samvirkelaget" på Indre Hafslo, og bygde opp lager og kontor der. I desse lokala var det fleire kontorplassar og eit stort varelager for å handtere alle oppdrag.

2007 vart Lambhaug bytta med sentrale lokaler i Sogndalsfjøra.

Bilete frå 2007. Fem av dei tilsette på dette bilete er fortsatt i firma i dag. Kjenner du dei igjen?

I 2015 kom næringsbygget til PGP på Hafslo ut for sal. Me hadde sett ei endring i handlingsmønsteret til kundane våre og såg derfor ikkje behovet for eit så sentralt kontor og lager som me hadde i Sogndal. Gode fasilitetar for elektrikarane og lager og kontor på eit plan, var avgjerande for at me kjøpte bygget og flytta til Galdetoppen på Hafslo. Firmaet var i vekst, og i 2020 såg me behovet for påbygg av kontor og lager. Samtidig oppgraderte me det meste av overflater og teknisk anlegg på bygget.

Kontoret vårt etter ombygging
Kaffikroken på kontoret