Elektroinstallasjon i driftsbygning
Elektroinstallasjon i landbruk krev god planlegging og koordinasjon mellom oss som installatør og deg som kunde.
Kva kan me hjelpa deg med?
- Nyinstallasjon eller rehabilitering
- Mindre serviceoppdrag
- Brannalarmanlegg
- Kameraovervåking
- Elkontroll
- Termografering
- Årskontroll brannalarm
- Belysning
- Solcelleanlegg
Går du med planar om bygging eller ombygging?
Våre erfaringar er at installatør ofte kjem for seint inn i byggjefasen ved ombygging eller nybygg av driftsbygning. Det er strenge og viktige krav til jording i landbruk, og desse skal utførast slik at ein unngår korrosjon. Dette krev planlegging i forkant i samråd med deg som kunde. Me har erfaringen - du kjenner behovet ditt. Kontakt oss så finn me gode løysingar saman.
Kompetanse
Elektrisk installasjon er krevjande med tanke på miljøet installasjonen er utført i. Josvanger Elektro har 30 års erfaring med landbruksinstallasjonar.
Me har prosjektleiar og elektrikar med spisskompetanse innan elektriske installasjonar i landbruk, i tillegg til at våre elkontrollørar er sertifiserte iht NEK405-1, NEK405-2 og NEK405-3, og NEK405-3 tillegg B landbruk.
Kontakt gjerne ein av våre fagpersonar direkte under.