Til hovedinnhold

Smarthus med Plejd: Styr belysning i heimen enkelt og sikkert

Med smarthusløysinga Plejd kan du enkelt gjera heimen din meir energieffektiv og komfortabel. Dette systemet lar deg styra belysninga i heimen din med nokre få tastetrykk, uansett kvar du er.

Foto: Plejd AS

Oppgrader heimen din med smarthusløysing i frå Plejd

  • Plejd er ideelt for deg som ynskjer eit smarthus som er enkelt i bruk og som gir deg full oversikt over over belysninga i heimen.

  • Installasjonen av Plejd er brukervennleg og kan enkelt tilpassast eksisterande elektriske installasjonar.

  • Med den intuitive appen kan du programmera belysninga til å følgja di daglege rutine, noko som bidreg til auka komfort og energieffektivisering.

  • Sikkerheita er også ivareteken med Plejd, som nyttar kryptert kommunikasjon for å hindra uautorisert tilgang. Systemet tillèt oppretting av individuelle brukarprofilar, som gir tilpassa tilgang for ulike familiemedlemmer.

  • Plejd er meir enn berre ei belysningsløysing. Det kan integrerast med andre smarte einingar i heimen, som varmepumpar, persienner og alarmer, for ei heilskapleg smarthusoppleving.

  • Me i Josvanger ELektro har spesialisert oss på smarthusløysingar og anbefaler Plejd for å gjera heimen din smartare og kvardagen din enklare.

Kontakt for meir info 💡

Er du nysjerrig og har lyst til å veta meir om dette? Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande samtale om smarthus.

Kontakt oss
Foto: Plejd AS

Spørsmål og svar:

  1. Kva er smarthus med Plejd og korleis kan det gjera heimen min meir energieffektiv?
    Svar: Smarthus med Plejd er ei revolusjonerande løysing som lar deg styra belysninga i heimen din på ein enkel og energieffektiv måte. Med Plejd kan du programmera belysninga til å passe din daglege rutine, noko som bidreg til å spara straum og redusere straumrekninga. Skru av alt lyset med ein knapp når du forlet huset, og vær sikker på at alt lyset er skrudd av.

  2. Spørsmål: Er det vanskeleg å installera Plejd i mitt eksisterande elektriske anlegg?
    Svar: Nei, Plejd er designa for å vera enkelt å installera og kan installerast inn i dei fleste elektriske installasjonar. Du treng nødvendigvis ikkje å byta ut dei eksisterande lyskjeldene dine, då systemet fungerar med dei fleste typar pærer og armaturar.

  3. Korleis sikrar Plejd at ingen uvedkommande får tilgang til mitt smarthus?
    Svar: Plejd nyttar kryptert kommunikasjon for å sikre at systemet er trygt og at ingen uvedkommande kan få tilgang. Du kan også oppretta ulike brukarprofilar for å kontrollera kven som har tilgang til å styra belysninga i dei ulike romma.

  4. Kan Plejd integrerast med andre smarte einingar i heimen min?
    Svar: Ja, Plejd er ikkje berre for belysning. Systemet kan også integrerast med andre smarte einingar som varmepumpar, persienner og alarmer, noko som gir deg full kontroll over heimen din og gjer kvardagen både enklare og meir komfortabel.