Ajax brannvarsling for bustad
Ajax er eit smart, trådlaust brannvarslingsanlegg for bustader. Røyk- og varmedetektorane har innebygd sirene og kan varsle både lokalt i bustaden og på mobilen gjennom Ajax-appen. Dersom éin detektor registrerer brann, kan alle detektorane i bustaden varsle samtidig.
Ved brannalarm
Sørg for at alle kjem seg ut av bustaden.
Ring brannvesenet på 110.
I Ajax-appen kan du sjå kva rom eller detektor alarmen kjem frå.
Ikkje gå inn igjen før det er trygt.
Ved falsk alarm kan alarmen avstillast i Ajax-appen eller ved å trykkje på fronten av detektoren. Alarmen skal berre avstillast etter at du har kontrollert at det ikkje er brann.
Dagleg bruk
Ajax-appen gir oversikt over status på anlegget, batterinivå, feilmeldingar og alarmar. Appen viser òg kva detektor som har utløyst alarm eller sendt feilmelding.
Testing og vedlikehald
For å vere sikker på at anlegget fungerer som det skal, bør du:
Teste detektorane jamleg med testknappen.
Kontrollere at alle detektorane er tilkopla systemet.
Halde detektorane reine og fri for støv og skit.
Unngå å måle over eller dekkje til detektorane.
Detektorane varslar når det er behov for batteribytte. Batteriet bør bytast så snart du får melding om lågt batterinivå.
Når bør du kontakte service?
Kontakt service dersom:
Du får ei feilmelding som ikkje forsvinn.
Ein detektor mistar kontakt med systemet.
Alarmar eller feil oppstår gjentekne gonger utan kjent årsak.
Du ønskjer utviding eller endringar av anlegget.
Vanlege spørsmål om Ajax
Kvifor blinkar det i detektoren?
Detektorane nyttar lysindikasjon for å visa at dei er i drift. Blinkemønster kan variera avhengig av type detektor og status på anlegget.
Kva gjer eg dersom alarmen går utan at det er brann?
Kontroller først at det ikkje er brann. Dersom du er sikker på at det er ein falsk alarm, kan alarmen avstillast i Ajax-appen eller ved å trykkje på fronten av detektoren.
Korleis veit eg kva detektor som har gått i alarm?
Ajax-appen viser kva detektor og kva rom alarmen kjem frå.
Kor ofte bør eg teste anlegget?
Det er tilrådd å teste detektorane jamleg ved hjelp av testknappen for å kontrollere at varslinga fungerer som ho skal.
Kor lenge varer batteria?
Levetida varierer med modell og bruk. Du får varsel i Ajax-appen når batteriet bør bytast.
Kan eg måle taket rundt detektoren?
Ja, men detektoren må ikkje målast over eller dekkjast til. Dette kan påverke funksjonen og redusere tryggleiken.
Kva gjer eg dersom eg får feilmelding i appen?
Kontroller om meldinga gjeld lågt batteri eller manglande kontakt med ein detektor. Dersom feilen ikkje forsvinn, kontakt service.

