Brukarveiledning elektrisk anlegg i bustad
Dette er ei generell veiledning for det elektriske anlegget i ein bustad som er utarbeida for at du som kunde hjå oss skal få informasjon om korleis du skal bruka det elektriske anlegget på ein trygg måte.
Me er opptatt av kvalitet i arbeidet me utfører og at du som kunde skal få eit godt produkt hjå oss. Denne sida skal gi deg litt innføring i korleis eit elektrisk anlegg er bygd opp slik at du har gode forutsetningar for å kunna bruka anlegget ditt rett. Har du spørsmål er du velkommen til å kontakta oss, så skal me hjelpa deg så godt me klarar.

Denne veiledninga er generell for dei fleste anlegg og ikkje nødvendigvis heilt konkret mot ditt elektriske anlegg. For å finna konkret dokumentasjon for ditt elektriske anlegg må du gå til boligmappa.no.
Les meir om dette under linken "Din dokumentasjon".