Til hovedinnhold

Skjult varme

Skjult oppvarming er ein mykje brukt metode for oppvarming av bustader, som og gjev ein svært god komfort. Feil bruk av skjult varme kan medføra skade på materiell og i verste fall brann.

Denne veiledninga er utarbeida for at du som kunde hjå oss skal få informasjon om korleis du skal bruka den skjulte varmen på ein trygg måte.

Elektrisk skjult varme finst i fleire variantar:

  • Varmekablar i støyp under flis, vinylbelegg eller laminat/parkett

  • Varmefolie direkte under laminat/parkett

  • Varmekablar i matter med spor under laminat/parkett.

Varmekabel/varmefolie på parkett eller laminat

Har du laminat eller parkett er det viktig at ikkje overflatetemperaturen på golvet overstiger 27 grader. Til desse romma har me levert ein termostat med både romføler og golvføler.
Den verdien du har innstilt termostaten på, blir styrt av romfølaren. Golvfølaren sin funksjon er at han skal føle på temperaturen i golvet, og slå av varmekabelen/varmefolien dersom temperaturen overstig 27 grader.

Golvfølaren er normalt plassert i golvet rett under termostaten

Viktig å tenke på:

  •    Teppe skal ikkje brukast på desse golva.
    Skal det brukast teppe på desse golva må du kjøpe teppe som pustar og som er godkjent for dette. Bruk av teppe er på eige ansvar.

  •   Møblar utan ventilert sokkel må brukast med varsomheit

  • Fastmontert inventar som fullstendig dekkar eit areal skal alltid plasserast i varmefrie områder.

  • Opplever du at golvet blir varmare enn 27grader, kontakt elektrikar.

Varmekabel på rom med vinylbellegg

På rom med vinylbellegg ligg det ofte ei støypt plate under som varmekabelen ligg i. Typisk er dette brukt på baderom, vaskerom, gangar osv. Den største risikoen med vinylbellegg er misfarging av belegget. Til desse romma leverar me og normalt ein termostat med både romfølar og golvfølar. Den verdien du har innstilt termostaten på, blir styrd av romfølaren. Golvføleran sin funksjon er at han skal føle på temperaturen i golvet, og slå av varmekabelen/varmefolien dersom temperaturen overstig 27 grader.

Golvfølaren er normalt plassert i golvet rett under termostaten.

Viktig å tenke på:

  • Teppe skal ikkje brukast på desse golva.
    Skal det brukast teppe på desse golva må du kjøpe teppe som puster og som er godkjent for dette. Bruk av teppe er på eige ansvar.

  • Møblar utan ventilert sokkel må brukast med varsomheit.

  • Fastmontert inventar som fullstendig dekkar eit areal skal alltid plasserast i varmefrie områder.

Øvrig dokumentasjon for utført arbeid:

Du finn meir dokumentasjon for arbeidet me har utført på www.boligmappa.no.
Logg deg inn med din BankID så får du tilgang til dokumentasjon som er opplasta.

I forhald til varmeanlegget vil du finna:

  • Brukarveiledning for termostat

  • Garantiskjema for varmekabel/varmefolie

  • Installasjonsmanual for varmekabel/varmefolie

Me håpar denne veiledninga er til hjelp for deg.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.