Til hovedinnhold

Din dokumentasjon

Dersom du brukar ei registrert elektrobedrift for endringar og utvidelsar av ditt elektriske anlegg har du krav på dokumentasjon på arbeidet som er utført.

Josvanger Elektro AS er ei registrert elektrobedrift i DSB og me legg mykje arbeid i å utføra arbeidet me utfører på ein god og trygg måte. Før, under og etter det fysiske arbeidet utarbeidar me ein dokumentasjon for arbeidet me har utført. Denne dokumentasjonen er forankra i ein verifikasjon (testing) av arbeidet me har utført. Dette er ei kvalitetssikring av arbeidet som er utført og at arbeidet er utført til krav i forskrifter og normer me utfører jobben etter.

Litt om dokumentasjon

  • Dokumentasjon skal utarbeidas og overleverast kundar på alle nyanlegg, utvidelsar og endringar
  • Me som firma er pliktig til å oppbevara dokumentasjon i 5 år
  • Du som kunde skal oppbevara dokumentasjon i levetida til el-anlegget
  • Din dokumentasjon vil bli lasta opp til www.boligmappa.no (privatpersonar)

Kva inneheld ein typisk dokumentasjon?

Innhald i ein dokumentasjon vil veriera frå jobb til jobb og i forhald til omfanget me levera.
Men overordna kan me sei at dokumentasjon vil innehalda

  • Rapport frå risikovurdering

  • Rapport frå sluttkontroll (verifikasjon)

  • Samsvarserklæring

  • Brukarmanualar for relevant utstyr som belysning, termostatar, komfyrvakter, dimmarar osv

  • Kursfortegnelse som gir ei oversikt over dei ulike kursane i sikringsskåpet og kva dei går til

  • Installasjonsteikningar i dei tilfeller dette er relevant

  • Bilete prøver me å bruka som dokumentasjon for jobben me har utført

  • Eventuelle berekningar som er utført

Korleis kan eg finna min dokumentasjon?

Me har knytt oss opp i mot Boligmappa.no. Boligmappa er ein portal der me kan knytta vår dokumentasjon mot adresser. Det er berre dei som står eigar av ei adresse som vil få tilgang til innhaldet i boligmappa på denne adressa. Ved eventuelt salg vil dei nye eigarane automatisk få tilgang til dokumentasjon som er lagt opp på denne adressa ved overtakelse. Dette fører til at dokumentasjonen følger adressa og ikkje deg som kunde direkte.

Når me har lasta opp til boligmappa vil du få eit varsel via SMS eller e-post om at det er lagt opp dokumentasjon i di boligmappe.
Me vil anbefala at du loggar deg inn og sjekker ut innhaldet som er lasta opp då det her kan inneholda relevant informasjon for bruk av ditt elektriske anlegg.

Sjekk ut din dokumentasjon på boligmappa

Din dokumentasjon er lasta opp til boligmappa.no om det er utført arbeid hjå deg som krev dokumentasjon.

Gå til boligmappa