Til hovedinnhold

Overspenningsvern

Overspenning som overstiger det den elektriske installasjonen er berekna for, kan skada mennesker husdyr og eigedom.

Litt generell informasjon

Overspenning i det elektriske anlegget kan komma inn i din bustad på grunn av torevær som fører til lynnedslag eller pga koblingsspenninger i e-verket sitt nett.
For å sikra anleget ditt mot dette installera me overspenningsvern i alle nye anlegg i dag. Overspenningsvern kom inn som krav i våre forskrifter frå 2010, og alle anlegg etter denne tida har overspenningsvern installert. Overspenningsvernet har som mål å avleda overspenninger til jord slik at desse spenningane ikkje når el-anlegget ditt og forbrukarutstyr som er tilkopla dette.

Har du ikkje overspenningsvern? Då vil me tilråde deg til å etter installere dette.
Sjekk med forsikringa di om du kan få rabatt dersom du har overspenningsvern installert.

Korleis skal eg vedlike halda overspenningsvernet mitt?

  • Alle overspenningsvern har grøne indikatorar på at alt er ok
  • Kontroller desse indikatorane med jamne mellomrom
  • Er ein av dei raude? Då er denne defekt - Kontakt oss!
  • Du mistar ikkje straumen sjølv om ein er defekt

Kor er overspenningsvernet mitt plassert?

  • Har du ny bustad etter 2014 har du overspenningsvernet ditt plassert i det utvendige tilknytningsskåpet (inntaksskåp) plassert på husveggen din.
    Du treng ein "trekantnøkkel" for å opna dette.

  • Har du bustad før 2014 har du overspenningsvernet ditt i sikringsskåpet inne.

  • Det kan og vera at du har overspenningsvern i garasjen din for eksempel om du har installert elbil ladar og dette er eit stykkje i frå huset ditt